MEIR OM PROSJEKTET



MILES2SMILES 
I Uganda finnes det fleire aleinemødre som etterlatar barna deira innelåst, eller hjå uansvarlige personar når dei er på arbeid. Barna får ikkje den utviklinga og omsorga dei treng. Miles2smiles er ein barnehage som tilbyr mødrene ein barnehageplass til ein billig pris. Gjennom å gå i barnehage lærer barna å leke, dei får omsorg og gjennom å vera her vert dei klare til å starte på skulen. I tillegg driver miles2smiles med mikrofinans for alenemødrene. Det gir dem mulighet til å starte sine egne prosjekt for så å tjene penger på den måten. Les meir om prosjektet HER

STRØMMESTIFTELSEN  
Strømmestiftelsen jobbar mot ei verd utan fattigdom, dette gjørs gjennom utdanning og mikrofinans. Strømmestiftelsen er ein internasjonal organisasjon som har kontor i ulike deler av verda. Dei samarbeider med menneske frå de ulike prosjektstedane og har ingen norske utplassert i dei ulike landa. Utanom vi, ActNow-erene. Stiftelsen ynskjer eit samarbeid som førar til sjølvstendige organisasjonar. Dei ynskjer samarbeid med ulike menneske, og saman kan ein jobba saman for å hjelpe og bidra. 

HALD INTERNASJONALE SENTER 
Hald internasjonale senter er ein fagskule i tverrkulturell forståing og internasjonalt arbeid. Skulen ligg i Mandal. Det er ein skule for ungdom frå 19-25. På Hald er tre organisasjonar representert, Strømmestiftelsen, Det Norske Misjonsselskap og Laget. Alle disse organisasjonane har prosjekt og studentar i ulike land i verden. Skulen driv eit utvekslingsprogram. På Hald er det både norske og internasjonale studentar. Året starter med eit forbredelseskurs på 6 veker. Deretter kjem praksisopphaldet som er på 6-7 månader. Her skal alle studentar lære å leve i ein annen kultur. Året slutter med eit vårkurs som inneberer debriefing, meir undervisning og fokus på informasjonsarbeid i Noreg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar