torsdag 19. september 2013

starten er snart over.

Forkurset her i Mandal er snart over. Berre to uker igjen til eg og min partner, Annie sitt på flyet på veg mot Uganda. Følar mykje, har mykje å ordne og mykje igjen å tenkja på. Dei snart fem vekene me har vore her har vert spanande. 
Har hatt undervisning i interessante fag som utvikling, fattigdom, teamarbeid og utdanning. Blitt kjent med fine menneske frå ulike land i verda og i frå heile Noreg. Blandt anna Faith og Frida fra Uganda. Dei smiler heile tida og er skikkelige gledesspredarar.
Har gått i fine gater med fine hus i. Mandal er nydelig. Hatt spaserturar for å lufta hovudet, det er mykje folk her.
Har hatt gode samtaler, sove lite og vore trøytt i undervisninga. Men fremdeles har eg lært mykje. Følar meg mykje meir klar til å dra avgarde enn då eg først kom her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar